Vik sokn
Vik er hovudsoknet med 3 kyrkjer. Vik kyrkje ligg på bakketoppen ovanfor Vik helse- og omsorgssenter og Flatbygdi skule. I Bjørgvin Kalvskinn kring 1340 er det nemnt tre kyrkjer i Vik: Hopperstad ( ligg vest for Vik kyrkje), Hove ( søraust ) og Tenold ( aust). Tenold var anneks under Hopperstad. Tenold stavkyrkje vart øydelagd av ras - truleg på 1400-talet.
Her finn du info om dei tre kyrkjene og Vik sokneråd.
Aktivitetar i kyrkjelydane i Vik, finn du under " Born og unge", "Vaksne og diakoni" og "Kalendar".