Vik kyrkjelege fellesråd > Artiklar > Artikkeldetaljer


2. pinsedag i Kvamsøy kyrkje: Fjordgudsteneste for heile Sogn prosti


Måndag 25. mai kl. 12.00, 2. pinsedag, er du velkommen til fjordgudsteneste for heile Sogn prosti i mellomalderkyrkja i Balestrand, Kvamsøy kyrkje.

Kvamsøy kyrkje ligg på øya Kvamsøy i Balestrand, Sogndal kommune. Foto: Jostein Risa

Båtskyssen går frå Kvamsøy kai frå kl.11.00 og utover. Pris kr. 60 t/r (over 16 år), born gratis.

Gudstenesta vert leia av Runar Matsui-Li. Nattverd. Takkoffer til Søndagsskolen Norge. Ta med mat og drikke til eige bruk til kyrkjekaffi på kyrkjebakken. Kle deg gjerne i varme klede og ta med noko å sitje på; det er ikkje varme i kyrkja. Det er høve tl å gå stien til Olavskjelda på øya før eller etter gudstenesta. 

Tilbake