Skuleelevar frå Vik opptrer med song og skodespel i kyrkjestova!
Premiere på påskespelet!
Det var fullt i kyrkjestova torsdag før påske då barna i alderen 1. - 5. klasse framførte påskespelet under god leiing av Ine Marie Aase og vår eigen organist, Krista. Ungane imponerte med både skodespel, lesing og song og publikum kosa seg. Kjekt at det kom så mange som ville sjå. Takk for ei fin stund saman! Og ekstra takk til barna, Ine Marie og Krista (forfattar og komponist til stykket) og ikkje minst Inger Blomstereng som har omsett stykket frå dansk til norsk.
God påske - og vi som var så heldige å få oppleva påskespelet veit no kva og kvifor dagane i påskeveka har forskjellige namn.