Vik kyrkjelege fellesråd > Artiklar > Artikkeldetaljer


50% stilling som kyrkjelydsarbeidar


Ynskjer du ein meiningsfull jobb med menneske? Vil du vera med på laget vårt og legge til rette for våre tenester?

Vik kyrkjeleg fellesråd har ledig 50 % stilling som kyrkjelydsarbeidar frå 15. august 2026.

Hjå oss får du ein fleksibel arbeidskvardag der du i stor grad kan påverke dine eigne arbeidsoppgåver. Endeleg omfang av arbeidsoppgåver vert fastsett saman med den som vert tilsett i stillinga.

Vik kommune ligg på sørsida av Sognefjorden, midt i Sogn, og består av bygdene Vik, Fresvik, Feios, Vangsnes og Arnafjord, til saman 5 sokn. Vik kyrkjelege fellesråd er del av Sogn prosti og Bjørgvin bispedømme. Kommunen har 2550 innbyggjarar, og har eit variert næringsliv innan kraft, industri, teknologi, tradisjonsrikt landbruk og eit reiseliv i vekst.  Her er det kort veg frå fjord til fjell og området er rikt på natur- og kulturarv.

Arbeidsoppgåver

  • Delta i å vidareutvikle og gjennomføre kyrkjeleg undervisning og læring for barn og unge med særskilt ansvar for 0-16 år. Dette inkluderer også konfirmantarbeid saman med prest
  • Administrative oppgåver knytt til tenester og drift ved kyrkjekontoret
  • Medansvar for tilbod til vaksne i kyrkjelyden, gjerne også innan diakoni
  • Delta på stabsmøter og anna samarbeidsforum

 

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning, gjerne med pedagogikk og kristendom i fagkretsen
  • Realkompetanse kan vege opp for utdanning
  • Erfaring i bruk av IKT- verktøy og kjennskap til bruk av sosiale media
  • Erfaring frå, og interesse for arbeid med barn og ungdom
  • Kunne norsk munnleg og skriftleg
  • Personlege eigenskapar vert lagt vekt på
  • Søkjarar må vera medlem i  Den norske kyrkje (DNK)
  • Politiattest jfr. Trossamfunnslova § 20

Personlege eigenskapar

  • Engasjement for arbeid med å skape gode møteplassar for ulike aldrar, samt formidle tru gjennom undervisning og kyrkjelydsbygging
  • Vilje og evne til samarbeid
  • Kunne arbeide sjølvstendig og vera fleksibel

Vi tilbyr stor grad av fleksibilitet i eit godt arbeidsmiljø.  Disponerer du bil er det fint,  men det er ikkje eit krav.

Vi tilbyr tariffløn og gode pensjons- og forsikringsordningar. 

For informasjon ta kontakt med kyrkjeverje Turid Kristine Brekke
tlf. 922 28 593 eller på e-post
turid.kristine.brekke@vik.kommune.no

 

Søknadsfrist 12. april 2026

Send søknad til Vik kyrkjeleg fellesråd, pb 134, 6891Vik i Sogn

eller e-post til turid.kristine.brekke@vik.kommune.no

Tilbake