Vik kyrkjelege fellesråd > Artiklar > Artikkeldetaljer


Kyrkjevalet 2023


Informasjon om gjennomføring av kyrkjevalet 2023 i sokna i Vik

 

 

 

Kyrkjevalet finn stad 11. september 2023. Val av leke medlemmer av bispedømeråd og Kyrkjemøtet finn stad samtidig med val av nye sokneråd i alle sokna i Vik kommune; Arnafjord, Vik, Vangsnes, Feios og Fresvik.

Røysting til kyrkjevalet er samkøyrt med kommunevalet og vil difor vere i same bygg og til same tid i alle sokn som val til kommunestyret. 

Det er mogeleg å førehandsrøyste fysisk i perioden 10. august til 8.september. Røystinga kan skje på Vik kyrkjekontor (kommunehuset) måndag , tysdag og onsdag i denne perioden mellom klokka 10 og 12. I tillegg tilbyr me fysisk førehandsrøysting torsdag 31. august kl 15-20. Det vil også verta høve til å førehandsstemme ved Vik Bygde- og sjukeheim etter nærare avtale. Digital førehandsrøysting opnar også 10. august og varer til 6. september

I begge vala er det høve til å gjere endringar på listene, til dømes å gje personstemme til enkelte kandidatar. Kva for endringar det gjeld, korleis endringane påverkar valresultatet og anna nyttig informasjon kan du finne på www.kyrkjevalet.no 


Ved spørsmål om ein står i mantal i rett sokn; ta kontakt med kyrkjekontoret.
 

--- 

Det skal veljast nye råd i Arnafjord sokn(4 medlemmer, 3 vara), Feios sokn(6 medlemmer, 4 vara), Fresvik sokn(4 medlemmer, 3 vara), Vangsnes sokn(4 medlemmer, 3 vara) og Vik sokn(8 medlemmer, 5 vara). Kyrkjevalet er eit fleirtalsval. Dei personane som får flest stemmer, vert valde inn i sokneråda. 

Vallistene til val av nye sokneråd er klare. Sjå vedlegg under.

Valliste - Arnafjord sokn

Valliste - Feios sokn

Valliste - Fresvik sokn

Valliste - Vangsnes sokn

Valliste - Vik sokn

 

Tilbake