Vik kyrkjelege fellesråd > Artiklar > Artikkeldetaljer


Babysong i Kyrkjestova


BABYSONG i KYRKJESTOVA
på tysdagar kl. 11:00
Velkommen!

 

 

Babysong er eit tilbod til alle babyar som finn vegen til kyrkjestova saman med sine føresette som har permisjon. Hjarteleg velkomne til koseleg samlingar med songar, regler og sosialt samvær!

Babysong er ein del av trusopplæringa for kyrkja i Vik. Alle er velkomen og ein treng ikkje å vera medlem i kyrkja for å delta. Me syng kristne songar men har også fleire kjære «almenne» barnesongar og regler med bevegelsar. Kjekke frivillige lagar til enkel servering til dei frammøtte. Me har ikkje påmelding, så det er berre til å møte opp når det passar å koma. Det kostar kr 20,- per gong.

Har du spørsmål kan du ta kontakt med Turid K. Brekke, mobil: 92 22 85 93.

Hjarteleg velkomne til babysong!

 

Babysong hausten 2025:

  • Tysdagar i oktober: 14. – 21. -  28.
  • Tysdagar i november: 4. – 11. – 18. – 25.
  • Tysdagar i desember: 2.
Tilbake