Val av sokneråd - informasjon og fristar for nominasjonsarbeidet


 

 

Kyrkjevalet finn stad 11. september 2023, med digital og fysisk førehandsstemming frå 10. august. Val av leke medlemmer av bispedømeråd og Kyrkjemøtet finn stad samtidig med soknerådsvalet. Det skal veljast nye sokneråd i alle sokna i Vik kommune; Arnafjord, Vik, Vangsnes, Feios og Fresvik. 

 

 Sokneråda har gjort vedtak om et dei er nominasjonskomite for kvart sitt sokn. Kontaktpersonar for nominasjonskomiteane er:

Arnafjord sokneråd v/ Ola Engum tlf 975 34 827

Vik sokneråd v/ Reidunn Bolstad tlf 905 33 581

Vangsnes sokneråd v/ Erlend Hanekam tlf416 34 981

Feios sokneråd v/ Monica Feidje Midlang tlf 951 72 583

Fresvik sokneråd v/ Marianne Bøthun tlf 938 46 851

Nominasjonskomité i sokna set opp eit forslag til valliste til soknerådsvalet.

Forslag på kandidatar til soknerådet kan meldast til kontaktpersonane innan 15.mars 2023.

Kven kan veljast?

Valbare er medlemmer av Den norske kyrkja som bur i soknet, og som fyller 18 år seinast i 2023.

Krav til vallista: Listeforslag bør ha minst 40 prosent representasjon av kvart kjønn, minst 20 prosent representasjon av ungdom under 30 år og ei rimeleg geografisk spreiing.

Kandidatar skal vere oppført i prioritert rekkjefølgje med førenamn, eventuelt mellomnamn, etternamn og fødselsår, og dessutan eventuelt bustad og stilling.

Det er òg høve for ein nomineringsgruppe på ti personar med stemmerett i soknet å levere ei liste til val av sokneråd.

Innleveringsfrist for listeforslag er fredag 31. mars 2023, kl. 12.

1.februar 2023 Arnafjord, Vik, Vangsnes, Feios og Fresvik sokn.

Les meir

Tilbake