Utlysning av stilling som kyrkjeverje


Ledig stilling i 50% som kyrkjeverje / dagleg leiar i Vik kyrkjelege fellesråd.

Vik kommune ligg vakkert til på sørsida av Sognefjorden og har om lag 2650 innbyggjarar.  Vik er ein aktiv landbrukskommune med eit sterkt næringsliv.  Det er prektige fjellområde med mange merka turstiar og fleire turisthytter.  Idrettslaga driv godt, særleg innan skiskyting, fotball og friidrett.  Kommunen har eit frodig kulturliv og er rik på kulturhistorie.

I kommunen er det 5 sokn med 7 kyrkjer, mellom dei er det ei stavkyrkje og ei steinkyrkje frå mellomalderen.  Dei to kyrkjene frå middelalderen blir brukte om sommaren.  I dei andre kyrkjene er det gudsteneste ein gong i månaden, men i hovudkyrkja i Vik sentrum er det gudsteneste annakvar sundag.

Meir informasjon om stillingane finn du på heimesida.  www.vik.kyrkja.no

Søknadsfrist er 21.05.21. 2020.  Søknad sendes på mail til:  Oistein.Edmund.Sovik@vik.kommune.no

 

 

 

Kyrkjeverje / dagleg leiar i Vik kyrkjelege fellesråd.

Vik kyrkjelege fellesråd søkjer kyrkjeverje / dagleg leiar i 50 % STILLING.
Stillinga inneber dagleg leiing av fellesrådets administrative og operative oppgåver.

Som kyrkjeverje / dagleg leiar søkjer vi ein person som skal ha:

  • Økonomisk og administrativt ansvar for fellesrådets oppgåver.
  • Arbeidsgivaransvar for dei kyrkjelege tilsette i fellesrådet.
  • Ansvar for drift og vedlikehald av kyrkjer, gravplassforvaltning, HMS og internkontroll.
  • Ansvar for budsjett og økonomiarbeid i samsvar med fellesrådets prioriteringar.
  • Nært samarbeid med kommunen og prostiet.
  • Ansvar for saksbehandling og oppfylging av saker for fellesrådet.
  • Målform i Vik kommune er nynorsk.

 

Fellesrådet søkjer etter ein person med:

  • Relevant jobb/leiarerfaring, gode samarbeidsevner, samt evne til å motivere medarbeidarar.
  • Kunnskap innan økonomi og administrasjon.
  • Kunnskap i bruk av data og IKT verktøy.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Det vil bli lagt vekt på at søkjar er personleg eigna.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta.

 

Fellesrådet tilbyr:

  • Lønn etter avtale.
  • Pensjonsordning i KLP.
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Kontor på kommunehuset i lag med kyrkjestaben.
  • Hjelp med å skaffe bustad.
     

Den som blir tilsett må vere medlem av Den norske kyrkja.

For nærmare opplysningar om stillinga, ta gjerne kontakt med

Fellesrådsleiar Leif Eikeland tlf. 908 68 520 – leif.eikeland@vikorsta.no
eller rådmann Øistein Edmund Søvik til 948 61 333 – Oistein.Edmund.Sovik@vik.kommune.no

Søknad med CV og referansar sendast på e-post til:  Oistein.Edmund.Sovik@vik.kommune.no

Søknadsfrist:  21.05.2021.

 

Tilbake