Gravlys


IKKJE SET GRAVLYS UTANFOR LUKKA LYKTER.

 

Vi ber om at lause gravlys ikkje vert sett opp utanfor lukka lykter på gravplassane i Vik.

Det er fleire grunnar til at vi ber om dette:

BRANNFARE: Slike lause lys kan lett kvelve i vinden slik at kransar, blomar, gras m.m. kan ta fyr.

FUGLAR TEK MED LYSA /LOKKA OG SLEPP NED GRAVLYS OG KAN FORÅRSAKE SKADE:

Det er jamleg observert at fuglar; kråker, skjorer og måsar tek seg lys.  Desse slepp dei ned frå høgder for å knuse dei og ete talgen/stearinen. Dette kan forårsake skade på menneske, hus og bilar m.m.

METALL/PLAST HAMNAR I DYREFOR:  Når dette avfallet blir frakta  ut på markene, kjem delar av metall og plast i forhaustaren, noko kyr og andre dyr kan få alvorleg og potesielt dødeleg skade av.

Desse momenta gjeld også LED-lys.

OPPMODING OM RYDDEDUGNAD:    Vi bed av grunnane over alle som ferdast på gravplassane om å hjelpe oss og miljøet ved å plukke med seg og kaste brukte gravlys i restavfallet.

NB!!!  BATTERILYS SKAL I SPESIALAVFALL.

 

 

 

 

Tilbake