Info til innbyggarane i høve Korona - Gudsteneste, dåp, nattverd, vigsel, gravferd


 

Vi er no godt i gang med gudstenester og andre kyrkjelege tenester i kyrkjene våre.                                      Frå 15.juni har regjeringa opna for 200 deltakarar, men i praksis er det diverre ikkje plass til så mange i kyrkjene våre når vi skal halde minst 1 meter avstand mellom enkeltpersonar/husstand.

 

 

 

Info frå kyrkja i høve Korona

Vi er no godt i gang med gudstenester og andre kyrkjelege tenester i kyrkjene våre.

Frå 15.juni har regjeringa opna for inntil 200 deltakarar, men i praksis er det diverre ikkje plass til så mange i kyrkjene våre når vi skal halde 1 meter avstand mellom enkeltpersonar/husstand.

Vi må ta omsyn til dei reglar og restriksjonar som gjeld, og smittepresset det eventuelt er i det einskilde sokn.

På nettsidene til KA ( Kirkens Arbeidsgiver- og interesseorganisasjon) finn du oppdatert informasjon som gjeld kyrkjer: www.ka.no/nyheter/korona

Smittevernet ved verksemd i Den norske kyrkja byggjer på fem hovudprinsipp:

  • Sjuke personar skal ikkje delta på fysiske samlingar
  • Gode rutiner for hygiene, handvask og reinhald
  • Minst mogleg felles bruk og berøring av inventar og utstyr
  • God avstand mellom alle som deltek
  • Tilstrekkeleg bemanning til stades

 

Kyrkjene våre er av ulik storleik, og når det no er opna for fleire deltakarar er det  einmetersregelen i kombinasjon med storleiken på grupper frå same husstand som avgjer kor mange det er plass til. Det er difor ikkje sett noko fast tal per kyrkje.

Det er opna for både vigsel og dåp. Det blir vurdert ved kvart høve om dåp skal skje i ei vanleg gudsteneste eller som eiga dåpsgudsteneste ut frå tal på deltakarar og plass i kyrkja.

Ofring/ kollekt : Vi ynskjer at det først og fremst blir brukt Vipps eller direkte overføring til konto som blir opplyst.

Salmebøker: Etter at vi ein periode ikkje har nytta salmebøker, er det frå 15.juni opna for å bruke salmebøkersom ikkje har vore i bruk i minst eit døger. Det går som regel meir enn  ei veke mellom kvar gong salmebøkene er i bruk.                                                                                                                                   Ved vigsel og gravferd vert eigne programark nytta.

Nattverd : Ved utdeling nyttar ein eingongsbeger eller særkalkar som vert sett fram på eit bord der utdelinga skal skje. Vi oppmodar nattverdsgjestane om å stå ved sida av annankvar benk for å halde avstand.  Når ein kjem til utdeling, slepp liturgen ein oblat i begeret eller handa di (utan kontakt) og seier « Dette er Jesu lekam».  Du som kjem til nattverd et oblaten og går fram for medliturgen som heller vin i begeret og seier: «Dette er Jesu blod».

Den som har motteke nattverden kastar eingongsbegeret i ei bøtte med søppelpose i før dei går vidare- eller set særkalken på eit brett på eige bord.

 

Gravferd : Ved gravferd kan det framleis i kyrkjene våre vere at det berre er aktuelt å opne for dei næraste. Dette vert vurdert i samråd med pårørande i kvart enkelt tilfelle.  Vi ber dei pårørande skrive liste over personar m. telefonnr. , med opplysningar om kor mange som høyrer til same husstand. Såleis kan vi finne ut kor mange det er plass til.

 

Generelt:

  • Sjuke personar skal ikkje delta på fysiske samlingar.
  • Det er plassert antibac i våpenhuset i alle kyrkjer, til bruk før og etter arr.
  • Ta minst mogleg på inventar og utstyr
  • Hald minst 1 m avstand

Det blir ført liste over deltakarar m. telefonnr. ved alle arrangement i kyrkja.

Lista skal oppbevarast i låst rom i 10 dagar.

                                                                                                                                                                                                     

 

 

 

Tilbake