Flatbygdi kvinneforening


Flatbygdi kvinneforening er den eldste aktive misjonsforeninga i Vik

 

Misjonsforeninga blei etter det vi veit starta i 1860.

I daglegtalen gjekk foreninga lenge for "Prestegardsforeningen". Det var stas å få gå på foreningsmøte hjå presten.   Foreninga har i alle år støtta Det Norske Misjonsselskap (NMS) og har særleg hjarte for Madagaskar då vi har hatt fleire misjonærar der frå/ i Vik. 

Siste åra har foreninga hatt samlingane sine i Kyrkjestova, som regel 1.onsdag i månaden kl.14.00 i vinterhalvåret.

Kyndelsmessebasaren har ein lang tradisjon laurdagen nærast  2.febr.  Vi er svært takksame til alle som støttar basaen og at Kyrkjestova Misjonslag også er med å arrangere no.

Datoplan for hausten 2020 kjem, så snart møta er planlagt.

Nye medlemar er hjarteleg velkomne!

Kontakt : Kirsti Jelle Hopperstad   tlf. 911 01 653.

 

Tilbake