FEIOS KVARDAGSSKULE
På Feios bedehus tysdagar kl.17.30 -18.15.
Datoplan 2022: 15.mars, 22.mars, 29.mars, 19.mars, 26.mars, 19.april, 26.april.
Feios Kvardagsskule held til på Feios bedehus tysdagar kl.17.30 -1815.
Kvardagsskulen er for småborn og større born. Vi er svært glad for at foreldre/eldre søsken fylgjer dei minste borna. Feios kvardagsskule er tradisjonell søndagsskule på ein kvardag; med mykje song, bibeltekst, farging, oppgåveløysing og av og til ein smakebit. Det er framleis populært å få klistremerket i kortet og bladet " Barnas". Vi har 10-12 samlingar i vinterhalvåret - sjå eigen datoplan!
Kirsti Jelle Hopperstad ( 911 01 653) er leiar. Ta gjerne kontakt for meir informasjon.