Velkomen til dåp


Dåpen er ei heilag handling, eit sakrament, der barnet vert Guds barn og ein del av kyrkjelyden og Den norske kyrkja.

 

Med kyrkjeverje el. kyrkjelydssekretær avtalar de:

  • dåpsdato
  • dato for dåpsinformasjon
  • dåpssamtale


Av presten får de:

  • dåpsinformasjon
  • dåpssamtale
  • utførelse av dåp


Informasjon:

  • Ein set opp tid for dåp ved å snakke med kyrkjekontoret i Vik. Skal ein døype i andre kyrkjer utanfor Vik kommune, tek du likevel kontakt med ditt eige kyrkjekontor, etter at du har tinga dåpsdag. Alle papir og dåpssamtale skal ordnast på heimstaden.
  • Sjå på kalenderen over gudstenester framover, og ring for å høyre om plass til dåp.
  • Dei fleste born vert døypte innan dei  er tre-fire månader gamle, men også store born, unge og vaksne kan verte døypte.
  • Det er ulike tilbod i sokna for born frå 0 år og oppover, kan du finne ved å klikke i heimesida under menyen - Born og unge.
  • Ved dåpen skal barnet ha fadrar. Det skal vere minst to fadrar. Fadrane må vere fylt 15 år.Minst to av fadrane må vere til stades under dåpen. Som fadder kan ein berre velje personar som er medlemer av Den norske kyrkja, eller andre kristne som erkjenner barnedåpen. P Foreldra kan ikkje vere fadrar.
  • Skjema dåp

 

Tilbake