Info til innbyggarane i høve Korona


Frå 4.jan - har vi fått nye restriksjonar. Kyrkjekontoret i Kommunehuset er stengt for besøkande. Men de kan gjerne ta kontakt på telefon eller e-post.Sjå "Kontakt"!  Gudsteneste i Vik 24.jan er avlyst.  Open kyrkje kl.11-13.  Ynskjer de dåp eller vigsel, kontakt prest.     

 

 

 

 

Info frå kyrkja i høve Korona

For tida kan vi ha gravferd med inntil 50 deltakarar, men i praksis er det diverre ikkje plass til så mange i alle kyrkjene våre når vi skal halde 1 meter avstand mellom enkeltpersonar/husstand. Dersom det er allsong skal det vere minst 2 meter avstand.    

Vi må ta omsyn til dei reglar og restriksjonar som gjeld, og smittepresset det eventuelt er i det einskilde sokn.

På nettsidene til KA ( Kirkens Arbeidsgiver- og interesseorganisasjon) finn du oppdatert informasjon som gjeld kyrkjer: www.ka.no/nyheter/korona

Smittevernet ved verksemd i Den norske kyrkja byggjer på fem hovudprinsipp:

  • Sjuke personar skal ikkje delta på fysiske samlingar
  • Gode rutiner for hygiene, handvask og reinhald
  • Minst mogleg felles bruk og berøring av inventar og utstyr
  • God avstand mellom alle som deltek
  • Tilstrekkeleg bemanning til stades

 

Kyrkjene våre er av ulik storleik, og når det no er opna for fleire deltakarar er det  einmetersregelen i kombinasjon med storleiken på grupper frå same husstand som avgjer kor mange det er plass til. Det er difor ikkje sett noko fast tal per kyrkje.

Det er opna for både vigsel og dåp. Ta kontakt med sokneprest Karen Helene B. Melhus tlf 468 89 980 /e-post: karen.helene.bohn.melhus@vik.kommune.no eller prostiprest Rasmus Bolstad Rustad tlf 977 38 134 / e-post: rasmus.bolstad.rustad@vik.kommune.no for nærare informasjon/ avtale.

Ofring/ kollekt : Vi ynskjer at det først og fremst blir brukt Vipps eller direkte overføring til konto som blir opplyst.

Salmebøker: Etter at vi ein periode ikkje har nytta salmebøker, er det frå 15.juni opna for å bruke salmebøkersom ikkje har vore i bruk i minst eit døger. Det går som regel meir enn  ei veke mellom kvar gong salmebøkene er i bruk.                                                                                                                                   Ved vigsel og gravferd vert eigne programark nytta.

Nattverd :  For tida kan vi ikkje ha gudsteneste med nattverd.

 

Gravferd : Ved gravferd kan det framleis i kyrkjene våre vere at det berre er aktuelt å opne for dei næraste. Dette vert vurdert i samråd med pårørande i kvart enkelt tilfelle.  Vi ber dei pårørande skrive liste over personar m. telefonnr. , med opplysningar om kor mange som høyrer til same husstand. Såleis kan vi finne ut kor mange det er plass til.

 

Generelt:

  • Sjuke personar skal ikkje delta på fysiske samlingar.
  • Det er plassert antibac i våpenhuset i alle kyrkjer, til bruk før og etter arr.
  • Ta minst mogleg på inventar og utstyr
  • Hald minst 1 m avstand

Det blir ført liste over deltakarar m. telefonnr. ved alle arrangement i kyrkja.

Lista skal oppbevarast i låst rom i 14 dagar.

                                                                                                                                                                                                     

 

 

 

Tilbake