Les meir!

Les meir!

  • Velkomen til dåp!
     
    Dåpen er ei heilag handling, eit sakrament, der barnet vert Guds barn og ein del av kyrkjelyden og Den norske kyrkja.

    Kontaktpersonar:

    Kyrkjesekretæren ved kyrkjekontoret i Vik sender ut informasjon og papir om dåp etter å ha fått melding om fødsel frå folkeregisteret.

    Med kyrkjesekretær avtalar de:

- dåpsdato, dato for dåpsinformasjon og dåpssamtale


Av presten får de:

- dåpsinformasjon, dåpssamtale og utførelse av dåp


Informasjon:

  • Ein set opp tid for dåp ved å snakke med kyrkjekontoret i Vik. Skal ein døype i andre kyrkjer utanfor Vik kommune, tek du likevel kontakt med ditt eige kyrkjekontor, etter at du har tinga dåpsdag. Alle papir, dåpsbilete og dåpssamtale skal ordnast på heimstaden.
  • Sjå på kalenderen over gudstenester framover, og ring for å høyre om plass til dåp.
  • Dei fleste born vert døypte før dei er tre månader gamle, men også store born, unge og vaksne kan verte døypte.
  • Det er ulike tilbod i sokna for born frå 0 år og oppover, kan du finne ved å klikke i heimesida under menyen - Barne og ungdomsarbeid.
  • Ved dåpen skal barnet ha fadrar. Det skal vere minst to, høgst seks fadrar. Fadrane må vere fylt 15 år. Minst to av fadrane må vere til stades under dåpen. Som fadder kan ein berre velje personar som er medlemer av Den norske kyrkja, eller andre kristne som erkjenner barnedåpen. Foreldra kan ikkje vere fadrar.
  • Skjema dåp

På lenkja nedanfor kan du lese meir om dåp

Dåp

 


Del denne artikkel på e-post