Ordinasjon i Vik kyrkje 19. juni

Ordinasjon i Vik kyrkje 19. juni

 

God dag

No heng stola og alba klar, og treng berre små finjusteringar før sundag kveld. Etter seks år studie er neste steg arbeidslivet, men alt er ikkje klart for det enno. MF utdannar oss til å bli teologar, eller candidatus theologiae, som det heiter på fint. Dette er normalt føresetnaden for ordinasjon, og er den utdanninga som leier mot prestetenesta. Men ein treng ordinasjon før ein kan ta til med arbeidet.

Det har vore seks gode år, med fagleg og sosial trivsel på MF. Vi har vore så heldige at vi har vore ein nokså godt samla gjeng dei siste fem åra, og nokon av oss har vore på same løp sidan første året. Det har skapa eit godt klassemiljø, der ein har kunna ha det kjekt saman og jobba godt saman om ein ikkje alltid er like einige. Men eg har også hatt gleda av å bli kjend med mange andre på MF utanom klassen. Mykje gjennom to år som redaktør i Ung Teologi, eit studentidsskrift på MF, og gjennom to år som fagleg leiar/nestleiar i Studentrådet (studentdemokratiet) på MF.

Det har vore kjekt med dei utfordringane desse ha bidrege med som tillegg til den faglege utvikling ein får gjennom studiet. I tillegg har eg også hatt gleda av å vere leiar av ungdomsutvalet i Oslo og Akershus KFUK-KFUM, der eg har fått vore med på å arrangere leirar og andre arrangement for ungdom i krinsen.

Men no er denne tida over, og nye erfaringar er i vente. Det neste året skal eg vere vikarierande kyrkjelydsprest i Nore og Uvdal, i Kongsberg prosti. Der kjenner eg ekteparet som arbeider som prestar, og skal inn som vikariat for å fylle inn for mammaperm. Det blir nok eit godt første steg på vegen i ein kommune som på fleire måtar minner litt om Vik.

På grunn av denne jobben treng eg ordinasjonen, slik at eg kan utføre dei tenester eg får. Utan denne kan ein ikkje vigsle eller bruke stola dersom ein arbeider som prest, sjølv om ein får fullmakt til gudstenester og gravferd. Og eg er så heldig at eg skal få dele dagen med Wenche Lie Lysne som bur i Lærdal. Eg ser fram mot det eg vonar blir ein flott dag, og ei flott ordinsjonsgudsteneste. Vel møtt.

 

Med helsing
Anders Hove

 


Del denne artikkel på e-post